Krav om testing av utanlandske avløysarar for MRSA

MRSA er Staphylococcus aureus (”gule stafylokokkar”) som er resistente mot viktige antibiotika. Ein spesiell dyretilpassa variant av bakterien, LA-MRSA, har i mange land etablert seg hos produksjonsdyr, særlig hos gris. Bakterien kan overførast frå gris og andre husdyr til menneske. Hos menneske som allereie har svekka helse kan LA-MRSA forårsaka alvorlege infeksjonar, og det er derfor spesielt viktig å unngå at bakterien kjem inn i norske helseinstitusjonar. Det er liten fare for at LA-MRSA skal smitte til menneske via mat.

Det er viktig at denne smitten ikkje vert spreia i Noreg. For å unngå dette oppmodar vi alle våre medlemslag til å krevje test av alle sine utanlandske arbeidarar. Dette gjeld alle og ikkje bare dei som arbeidar med gris!

Det er ein stor risiko for at vi har ein god del skjulte smittekjelder i landet, då det kun er rutine for at dei som skal arbeide i svinebesetning vert testa. Vi har arbeidarar frå heile Europa som reiser nesten verda rundt og arbeidar både med storfe og svin om kvarandre frå oppdrag til oppdrag. Dei er smitteberarar også blant folk og storfe.

Landbrukstenestene bør her ta ansvar og sørgje for at alle som vi formidlar vert testa når dei kjem og startar i ny jobb slik at ein ikkje risikera at vi bidrar til å spreia smitte. Vi bør også informera våre tilsette og oppmodar alle andre i fast jobb om også å testa seg, også etter besøk/ferie i heimlandet. Vi ser heller ikkje bort ifrå at det er ein del «slurv» med karantenetida etter ferie i heimlandet.

Meir informasjon om tema finn du her:

Info om Svinepest – MRSA

Er dine ansatte smittesikre?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *